Deilige baguetter med frisk basilikum og persille
Oppskrift:
8 dl kveitemjøl
3 dl sammalt kveite grov
50 gr gjær
2 ts salt
Hakka basilikum
Hakka persille
2 ss lys sirup
50 gr smelta margarin
4 dl lunka melk
Steikast på 225 grader i 10-12 min
Start med å blande alt det tørre: mjøl, salt og gjær
Hakk opp basilikum og persille
Ha dette oppi mjølblandinga
Smelt smør og lunk melka
Tøm litt og litt melk/smør oppi bollen, medan deiga blir elta, og sett den til heving
Del deiga i 4 emner og trill til pølser, lag små snitt med ein kniv
Hev til dobbel størrelse
Medan baguettane steikast, lager du til blandinga du skal pensle med, når baguettane kjem ut av ovnen
3 ss vatn
0,5 ts potetmjøl
1 ss tørka basilikum
Kok opp dette i ei panne
Pensle dette på baguettane når dei kjem ut av ovnen
I følge mannen min var dette dei beste baguettane han nokon gang hadde smakt, og eg håper du også vil like dei viss du prøver oppskrifta
Jeanett