onsdag 27. februar 2013

Veskekake

Idag har eg hatt fri fra jobb, og det første eg gjorde når eg såg det nydlige veiret som var ute, var å ta meg ein joggetur. Når eg kom heim igjen, hadde eg masse energi og fekk veldig lyst å lage ei kake. Har ikkje tatt bilder underveis idag, for eg ville berre kose meg med prosjektet uten å tenke på å blogge om det. Har likavel tatt eit par bilder av det ferdige resultatet



Inni kaka er det ein saftig sjokoladekake med sjokoladekrem. Kaka er trekt med sukkerpasta som eg har farga i ein lys rosa, og laga svarte zebrastriper til. Framfor kake har eg laga ein neglelakk og ei eske med rouge, som også er laga i sukkerpasta.

                        Jeanett 

tirsdag 19. februar 2013

Bursdagkrone i marsipan

Eg held på å forberede ei kake, som eg skal lage til ein liten gut som blir 1 år, den 4 mars. Han skal få ei sjokoladekake dekka med sukkerpasta. Har hatt mange ideer til korleis eg hadde lyst å pynte den, men bestemte meg til slutt for å lage ei bursdagskrone av marsipan, til å ha på toppen av kaka. Det tar litt tid å lage denne bursdagskrona, då den treng eit par daga å tørke på.

                                          Først tegna eg opp ein mal på eit ark

Etterpå kjevla eg ut marsipan, og la malen oppå. 
Brukte eit pizzahjul til å skjære krona ut.


Eine kanten pressa eg litt ned, og pensla på litt sukkervatn


For å få den rette forma på krona, tok eg plastfolie rundt ein formfett boks,
har litt papir under endane på krone for å få dei runde og fine.


Denne silikonforma har eg kjøpt på ein Kreativ butikk i Sandnes.
Har brukt denne til å lage pynten på krona.



Det er veldig greit å lage klar pynten litt i forveien, for viss noke går gale underveis, f.eks den knekker når du tar den av boksen den har tørka rundt, so har du god tid å lage ein ny. Ferdig laga kan du oppbevare den tørt og innpakka i plast, då held den seg lenge.

                         Jeanett










 

fredag 15. februar 2013

Sjokoladekjeks med peanøtter/sjokoladebiter

Helgekosen her i heimen er heimelaga sjokoladekjeks med sjokolade og peanøttbiter. Kjeksa er store, med ei hard kjerne og mjuke inni, dei har også lang holdbarhet, dvs viss dei får ligge i fred i kakeboksen ;)


Her er oppskrifta om du vil lage sjølv: 
350 gr  sukker
280 gr smør - romtemperert
2 store egg
420 gr kveitemjøl
1 1/4 ts bakepulver
1 1/4 ts natron
1,5 ts salt
2 ts vaniljesukker
60 gr kakao
100 gr kvit sjokolade
100 gr sjokolade
200 gr peanøtter
Steik på 180 grader i 10 minutt
 Framgangsmåten:

                                                               Mål opp sukker og smør

Pisk lyst og luftig


Lag klar 2 store egg


Hell oppi eit om gangen


Hakk opp sjokolade og peanøtter og mål opp kakao


Hell oppi blandinga


Mål opp kveitemjøl


Sikt oppi blandinga


Elt deiga lett for hand


Trill til ei pølse og del opp i passelige dela


Legg på bakeplate og sett i ovnen


Ferdig steikte


Nyt helga <3 


Jeanett

lørdag 9. februar 2013

Hello kitty kake

Velkomen til bloggen min, og det aller første inlegget. Denne bloggen kjem først og frremst til å handle om kakene eg lage og korleis eg lager dei, innimellom kjem litt innlegg om andre bakeverk. Eg vil legge ut oppskrifter og bilder i steg for steg, slik at du kan prøve sjølv også.

Eg tenkte å starte med å vise korleis ein enkelt kan lage ei Hello kitty kake, som passar godt til barneselskap.

Her har eg laga ei sjokolade kake som eg har delt i tre deler med ei kakesag, viss du ikkje har dette heime, kan du dele bunnen med kniv


Eg har printa ut eit bilde av hello kitty, som eg fant på internett. Dette arket brukte eg som mal til å skjære rundt kaka

For å få kaka saftig bruker eg ei sprayflaske med brus eller melk, som eg sprayer kaka med, før eg har på fyllet


Etter å ha fylt kaka med sjokoladekrem, kjevler eg ut sukkerpasta som eg dekker kaka med. Bruker sjølv ein stor rullepinne, som ikkje etterlater stygge merker, slik som ei vanlig kjevle kan gjere


Deretter er det berre å glatte ut sukkerpastaen med hendene, og legge på pynten du har laga


Oppskrift på kakebunn, sjokoladekrem og sukkerpasta vil komme etterkvart, og du vil finne dei enkelt når du trykker på oppskrift etiketten.

Spør om du lurer på noke.

                            Jeanett