Viser innlegg med etiketten Temakaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Temakaker. Vis alle innlegg

torsdag 22. august 2013

Gitarkake

Har endeleg fått laga ei gitarkake, som eg har hatt lyst til å prøve på lenge. Har laga den etter eit bilde av gitaren til han som har bursdag, og har prøvd å få den so lik som mulig.
          Eit lite bildedryss:






Kaka er laga av sjokoladekake og er dekka med sukkerpasta. Har malt litt mørkare farge på sidene enn på toppen av kaka, for å få litt fargespel og liv i kaka. Spraya den med eit lett dyss av pearl shimmer for å få glans.

                              Jeanett

lørdag 22. juni 2013

Skateboard kaker

Eg synst det er veldig kjekt når eg blir spurt om å lage kake der eg får eit tema som eg skal holde meg til, men at eg kan velge sjølv korleis eg vil lage kaka. Ein sånn forespørsel fekk eg rundt konfirmasjonstider ifjor. Då skulle eg lage kake med skate-tema. 


       
Tenkte lenge på korleis eg skulle løyse oppgava, men endte opp
med å lage ein skate-rampe, der eg prøvde meg på ein form for
tagging ved å male på ordet konfirmant og navnet til konfirmanten.
For å få litt ekstra detaljer lagde eg ein ryggsekk, caps og skateboard.

Kaka blei tatt godt imot, og ikkje lenge etter fekk eg spørsmål om eg kunne lage ei som var lik til ein anna konfirmant.
Lagde den nesten heilt lik, men med små forskjeller
som farge på skrift, skateboard og ein større rampe.

Er ei stund sidan eg lagde desse kakene, men som sagt før så hadde eg ein blogg tidlegare, og innimellom nye innlegg, kommer eg til å legge inn bilder fra kaker eg har laga tidlegare.

                                                                        Jeanett

onsdag 19. juni 2013

Heiniken kake.

Etter ein god pause, har eg endelig tid til å oppdatere bloggen igjen. Det har gått i eit med både jobb og lesing til eksamen, so då har bloggen blitt nedprioritert. Blei spurt om eg kunne lage ei Heiniken kake til idag, dette er ei kake eg har laga eit par ganger før, og som noken av dåke kan ha sett på den gamle bloggen min tidlegare.



 Bilde over er fra dagens kake, Den er laga med ein saftig sjokoladekake bunn, med ein lys og luftig sjokoladekrem inni. har trekt kaka med sukkerpasta som eg lager sjølv, og logoane er i sukkerpapir.

Hadde Lyst å ta med dei tidlegare Heiniken kakene eg har laga også. Eg føler sjølv at den eg laga idag var litt betre form på, enn eg har fått til tidlegare, men alt pleier jo å bli betre med øvelse =) 


                        Desse to bilda over er fra den aller første Heiniken kaka eg laga. 

                                        Bilde fra den andre Heiniken kaka.


                                                                      Jeanett

tirsdag 16. april 2013

Snekker kake

Mannen min fyller 27 år i morgon. På jobben hans er det tradisjon at den som har bursdag må ta med kake. Dermed måtte eg lage ei skikkelig snekker kake, med byggmakker logoen på t-shorta. Her har mannen som ligger å søve starta med å legge eit nytt parkett golv, men lagt seg til å sove i steden.





 Mannen min blei veldig fornøgd med kaka, og gleder seg til nyte kaka i lunchpausen =)

                                                                  Jeanett

mandag 15. april 2013

Vårkake

Blei spurt om eg kunne lage ei kake til personalmøte vi skal ha på jobb, har fundert ei stund på korleis eg skulle pynte den, men bestemte meg tilslutt for ei vårlig kake med pynt i pastellfarga.




 Kaka er laga av sukkerbunn dynka med champagnebrus, fylt med bringebær og vaniljekrem. Dekka av sukkerpasta.

                                                                      Jeanett