lørdag 22. juni 2013

Skateboard kaker

Eg synst det er veldig kjekt når eg blir spurt om å lage kake der eg får eit tema som eg skal holde meg til, men at eg kan velge sjølv korleis eg vil lage kaka. Ein sånn forespørsel fekk eg rundt konfirmasjonstider ifjor. Då skulle eg lage kake med skate-tema. 


       
Tenkte lenge på korleis eg skulle løyse oppgava, men endte opp
med å lage ein skate-rampe, der eg prøvde meg på ein form for
tagging ved å male på ordet konfirmant og navnet til konfirmanten.
For å få litt ekstra detaljer lagde eg ein ryggsekk, caps og skateboard.

Kaka blei tatt godt imot, og ikkje lenge etter fekk eg spørsmål om eg kunne lage ei som var lik til ein anna konfirmant.
Lagde den nesten heilt lik, men med små forskjeller
som farge på skrift, skateboard og ein større rampe.

Er ei stund sidan eg lagde desse kakene, men som sagt før så hadde eg ein blogg tidlegare, og innimellom nye innlegg, kommer eg til å legge inn bilder fra kaker eg har laga tidlegare.

                                                                        Jeanett

2 kommentarer:

  1. Skjønner godt at disse ble tatt godt imot. De var knallfine. Ha en fin helg :-)

    SvarSlett
  2. Veldig fine og spesielle, må vere kjekt å få ei slik kake til konfirmasjonen som ingen andre har.

    SvarSlett