Eg bruker ofte sukkerbunn når eg lagar kaker, dei er enkele å lage, blir høge og fine og smaker veldig godt. Har brukt same oppskrifta i fleire år, og eg lærte den då eg jobba på bakeri, men ser at den også ligger ute på fleire nettsider, blandt anna på cacas.no sine heimesider Her. Dermed er eg litt usikker på kor oppskrifta kjem ifrå, og regner med at eg også trygt kan skrive den på min blogg, då eg blandt anna steiker den på ein anna temperatur.
Oppskrifta:
6 egg
180 g sukker
120 g kveitemjøl
30 g potetmjøl
0,5 ts bakepulver
Steikast på 180 grader i 25-30 min
Finn fram egg og sukker
Pisk dette til stiv eggedosis, ca 10 minutter
Mål opp mjøl, bakepulver og potetmjøl
Sikt mjølblandinga oppi eggedosisen
Vend inn forsiktig
Eg bruker kun bakepapir som eg kler rundt kakeforma,
då blir bunnen perfekt under steiking
Hell røra over i formaSånn ser bunnen ut når den er ferdig,
la den bli avkjølt før du tar den ut av forma
Ferdig kakebunn, klar til bruk
Spør viss du lurer på noke =)
Jeanett
Den skal eg prøve meg på en gang :-) såg luftig og fin ut :-)
SvarSlettSåg veldig luftig og fin ut, kanskje eg prøver ein gang.
SvarSlett