Helgekosen her i heimen er heimelaga sjokoladekjeks med sjokolade og peanøttbiter. Kjeksa er store, med ei hard kjerne og mjuke inni, dei har også lang holdbarhet, dvs viss dei får ligge i fred i kakeboksen ;)
Her er oppskrifta om du vil lage sjølv:
350 gr sukker
280 gr smør - romtemperert
2 store egg
420 gr kveitemjøl
1 1/4 ts bakepulver
1 1/4 ts natron
1,5 ts salt
2 ts vaniljesukker
60 gr kakao
100 gr kvit sjokolade
100 gr sjokolade
200 gr peanøtter
Steik på 180 grader i 10 minutt
Framgangsmåten:
Mål opp sukker og smør
Pisk lyst og luftig
Lag klar 2 store egg
Hell oppi eit om gangen
Hakk opp sjokolade og peanøtter og mål opp kakao
Hell oppi blandinga
Mål opp kveitemjøl
Sikt oppi blandinga
Elt deiga lett for hand
Høyrdest ut som kjeks for min gane, kos dåke.
SvarSlettNam, kunne tenkt meg å prøve å lage kjeksa, måtte berre ha bytta ut peanattene. Siden eg og peanøtter ikkje er heilt venner ;-)
SvarSlett