lørdag 22. juni 2013

Skateboard kaker

Eg synst det er veldig kjekt når eg blir spurt om å lage kake der eg får eit tema som eg skal holde meg til, men at eg kan velge sjølv korleis eg vil lage kaka. Ein sånn forespørsel fekk eg rundt konfirmasjonstider ifjor. Då skulle eg lage kake med skate-tema. 


       
Tenkte lenge på korleis eg skulle løyse oppgava, men endte opp
med å lage ein skate-rampe, der eg prøvde meg på ein form for
tagging ved å male på ordet konfirmant og navnet til konfirmanten.
For å få litt ekstra detaljer lagde eg ein ryggsekk, caps og skateboard.

Kaka blei tatt godt imot, og ikkje lenge etter fekk eg spørsmål om eg kunne lage ei som var lik til ein anna konfirmant.
Lagde den nesten heilt lik, men med små forskjeller
som farge på skrift, skateboard og ein større rampe.

Er ei stund sidan eg lagde desse kakene, men som sagt før så hadde eg ein blogg tidlegare, og innimellom nye innlegg, kommer eg til å legge inn bilder fra kaker eg har laga tidlegare.

                                                                        Jeanett

fredag 21. juni 2013

Sukkerbunn

Eg bruker ofte sukkerbunn når eg lagar kaker, dei er enkele å lage, blir høge og fine og smaker veldig godt. Har brukt same oppskrifta i fleire år, og eg lærte den då eg jobba på bakeri, men ser at den også ligger ute på fleire nettsider, blandt anna på cacas.no sine heimesider Her. Dermed er eg litt usikker på kor oppskrifta kjem ifrå, og regner med at eg også trygt kan skrive den på min blogg, då eg blandt anna steiker den på ein anna temperatur.
Oppskrifta:
6 egg
180 g sukker
120 g kveitemjøl
30 g potetmjøl
0,5 ts bakepulver 
 Steikast på 180 grader i 25-30 min

                                                           Finn fram egg og sukker

                                              Pisk dette til stiv eggedosis, ca 10 minutter

                                                 Mål opp mjøl, bakepulver og potetmjøl
                                                    Sikt mjølblandinga oppi eggedosisen
                                                                       Vend inn forsiktig
Eg bruker kun bakepapir som eg kler rundt kakeforma,
 då blir bunnen perfekt under steiking
                                                                 Hell røra over i forma
                                                  Sånn ser bunnen ut når den er ferdig,
                                                  la den bli avkjølt før du tar den ut av forma
Ferdig kakebunn, klar til bruk


 Spør viss du lurer på noke =)

                                                                    Jeanett

onsdag 19. juni 2013

Heiniken kake.

Etter ein god pause, har eg endelig tid til å oppdatere bloggen igjen. Det har gått i eit med både jobb og lesing til eksamen, so då har bloggen blitt nedprioritert. Blei spurt om eg kunne lage ei Heiniken kake til idag, dette er ei kake eg har laga eit par ganger før, og som noken av dåke kan ha sett på den gamle bloggen min tidlegare.



 Bilde over er fra dagens kake, Den er laga med ein saftig sjokoladekake bunn, med ein lys og luftig sjokoladekrem inni. har trekt kaka med sukkerpasta som eg lager sjølv, og logoane er i sukkerpapir.

Hadde Lyst å ta med dei tidlegare Heiniken kakene eg har laga også. Eg føler sjølv at den eg laga idag var litt betre form på, enn eg har fått til tidlegare, men alt pleier jo å bli betre med øvelse =) 


                        Desse to bilda over er fra den aller første Heiniken kaka eg laga. 

                                        Bilde fra den andre Heiniken kaka.


                                                                      Jeanett