Helgekosen her i heimen er heimelaga sjokoladekjeks med sjokolade og peanøttbiter. Kjeksa er store, med ei hard kjerne og mjuke inni, dei har også lang holdbarhet, dvs viss dei får ligge i fred i kakeboksen ;)
Her er oppskrifta om du vil lage sjølv:
350 gr sukker
280 gr smør - romtemperert
2 store egg
420 gr kveitemjøl
1 1/4 ts bakepulver
1 1/4 ts natron
1,5 ts salt
2 ts vaniljesukker
60 gr kakao
100 gr kvit sjokolade
100 gr sjokolade
200 gr peanøtter
Steik på 180 grader i 10 minutt
Framgangsmåten:
Mål opp sukker og smør
Pisk lyst og luftig
Lag klar 2 store egg
Hell oppi eit om gangen
Hakk opp sjokolade og peanøtter og mål opp kakao
Hell oppi blandinga
Mål opp kveitemjøl
Sikt oppi blandinga
Elt deiga lett for hand