Viser innlegg med etiketten Barnekaker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Barnekaker. Vis alle innlegg

mandag 8. juli 2013

Lynet Mcqueen kake

Idag har mesteparten av tida gått til å prøve ut ei ny oppskrift. Ein sjokoladekakebunn med eit hint av chilli og kanel. Til den ville eg lage ein lys og god melkesjokoladekrem, som ifølge mannen min var den beste han noken gang hadde smakt ;) Oppskrift på den kjem seinare, men først tenkte eg å dele kakeresultatet.
Valgte å lage ein lynet mcqueen bil som eg har trekt med heimelaga sukkerpasta




Etter mange tima på kjøkkenet var det ekstra godt å sette seg ned i sofaen no og nyte eit lite kakestykke.

                                                                       Jeanett

lørdag 2. mars 2013

Bursdagskake

Idag skulle eg ha god tid og kose meg med å lage ei bursdagskake til ein liten gutt som blir 1 år. Planen var å ta masse bilder underveis, for kaka skulle ikkje vere klar før 18.00 ikveld. Før eg fekk starta på den i 12.00 tida, so fekk eg spørsmål om den kunne vere klar til 15.00 isteden. Då blei det ikkje tid til å ta bilder underveis, men slik blei resultatet vertfall.



Korleis eg laga bursdagskrona i marsipan har eg lagt ut på bloggen tidlegare. Elles er kaka ei sjokoladekake, dekka med sukkerpasta.

                                                                   Jeanett

lørdag 9. februar 2013

Hello kitty kake

Velkomen til bloggen min, og det aller første inlegget. Denne bloggen kjem først og frremst til å handle om kakene eg lage og korleis eg lager dei, innimellom kjem litt innlegg om andre bakeverk. Eg vil legge ut oppskrifter og bilder i steg for steg, slik at du kan prøve sjølv også.

Eg tenkte å starte med å vise korleis ein enkelt kan lage ei Hello kitty kake, som passar godt til barneselskap.

Her har eg laga ei sjokolade kake som eg har delt i tre deler med ei kakesag, viss du ikkje har dette heime, kan du dele bunnen med kniv


Eg har printa ut eit bilde av hello kitty, som eg fant på internett. Dette arket brukte eg som mal til å skjære rundt kaka

For å få kaka saftig bruker eg ei sprayflaske med brus eller melk, som eg sprayer kaka med, før eg har på fyllet


Etter å ha fylt kaka med sjokoladekrem, kjevler eg ut sukkerpasta som eg dekker kaka med. Bruker sjølv ein stor rullepinne, som ikkje etterlater stygge merker, slik som ei vanlig kjevle kan gjere


Deretter er det berre å glatte ut sukkerpastaen med hendene, og legge på pynten du har laga


Oppskrift på kakebunn, sjokoladekrem og sukkerpasta vil komme etterkvart, og du vil finne dei enkelt når du trykker på oppskrift etiketten.

Spør om du lurer på noke.

                            Jeanett