onsdag 27. februar 2013

Veskekake

Idag har eg hatt fri fra jobb, og det første eg gjorde når eg såg det nydlige veiret som var ute, var å ta meg ein joggetur. Når eg kom heim igjen, hadde eg masse energi og fekk veldig lyst å lage ei kake. Har ikkje tatt bilder underveis idag, for eg ville berre kose meg med prosjektet uten å tenke på å blogge om det. Har likavel tatt eit par bilder av det ferdige resultatet



Inni kaka er det ein saftig sjokoladekake med sjokoladekrem. Kaka er trekt med sukkerpasta som eg har farga i ein lys rosa, og laga svarte zebrastriper til. Framfor kake har eg laga ein neglelakk og ei eske med rouge, som også er laga i sukkerpasta.

                        Jeanett 

2 kommentarer:

  1. Lekker kake og etter beskrivelsen må det bli ein nytelse å sette tenna i, heldig den som får smake.

    SvarSlett