Har endeleg fått laga ei gitarkake, som eg har hatt lyst til å prøve på lenge. Har laga den etter eit bilde av gitaren til han som har bursdag, og har prøvd å få den so lik som mulig.
Eit lite bildedryss:
Kaka er laga av sjokoladekake og er dekka med sukkerpasta. Har malt litt mørkare farge på sidene enn på toppen av kaka, for å få litt fargespel og liv i kaka. Spraya den med eit lett dyss av pearl shimmer for å få glans.
I morgon skal eit vennepar gifte seg, og eg har vert so heldig å få lov til å lage bryllupskaka. Det er noke heilt spesielt å lage kaker til ein so viktig dag for andre, og eg håper kaka vil svare til forventningane deiras.
Her er eit lite bildedryss av kaka:
3 etages hjertekake, der den minste er ei sjokoladekake, i midten bringebærkake og nederst jordbærkake. Alle tre kakene er dekka med ekstra kvit marsipan, og pynta med røde roser, små sommerfugler og eit lite melisdryss.
Litt nærbilder av pynten:
Rosene er handlaga
Gleder meg til å feire den store dagen deiras i morgon, og ønsker dei lykke til med ekteskapet