tirsdag 9. juli 2013

Melkesjokoladekrem

Sjokolade er noke av det beste som finst, og rein melkesjokolade er ein stor favoritt for min del. Derfor måtte eg lage ein melkesjokoladekrem som er ein av oppskriftene eg bruker på sjokoladekaker eg lager.
Her er oppskrifta:

  • 200 gr melkesjokolade 
  •  5 ss kaffe 
  •  100 gr smør 
  • 1 ss melk 
  •  5 dl melis

Først deler du opp melkesjokoladen i ruter og smelter dette i vatnbad saman med kaffe



Medan sjokoladen smelter har du melis, smør og melk i ein bolle. Pisk dette litt sånn at smøret blir blanda med melisen, før du heller oppi den smelta sjokoladen samtidig som du pisker blandinga lett.
 Resultatet blir ein lys og luftig sjokoladekrem med deilig melkesjokoladesmak :D

                                                                      Jeanett
                                         

 



 

3 kommentarer:

  1. Nam nam nam, den skal eg prøve lage en dag :-)

    SvarSlett
  2. Ja det sier jeg også, denne skal jeg prøve en gang :-)

    SvarSlett