lørdag 9. februar 2013

Hello kitty kake

Velkomen til bloggen min, og det aller første inlegget. Denne bloggen kjem først og frremst til å handle om kakene eg lage og korleis eg lager dei, innimellom kjem litt innlegg om andre bakeverk. Eg vil legge ut oppskrifter og bilder i steg for steg, slik at du kan prøve sjølv også.

Eg tenkte å starte med å vise korleis ein enkelt kan lage ei Hello kitty kake, som passar godt til barneselskap.

Her har eg laga ei sjokolade kake som eg har delt i tre deler med ei kakesag, viss du ikkje har dette heime, kan du dele bunnen med kniv


Eg har printa ut eit bilde av hello kitty, som eg fant på internett. Dette arket brukte eg som mal til å skjære rundt kaka

For å få kaka saftig bruker eg ei sprayflaske med brus eller melk, som eg sprayer kaka med, før eg har på fyllet


Etter å ha fylt kaka med sjokoladekrem, kjevler eg ut sukkerpasta som eg dekker kaka med. Bruker sjølv ein stor rullepinne, som ikkje etterlater stygge merker, slik som ei vanlig kjevle kan gjere


Deretter er det berre å glatte ut sukkerpastaen med hendene, og legge på pynten du har laga


Oppskrift på kakebunn, sjokoladekrem og sukkerpasta vil komme etterkvart, og du vil finne dei enkelt når du trykker på oppskrift etiketten.

Spør om du lurer på noke.

                            Jeanett

3 kommentarer:

  1. Blir spennande å følge vidare.

    SvarSlett
  2. Glede meg til forsettelsen :-)

    SvarSlett
  3. Gratulere med ny blogg. Dette blir spennende å følge med på.

    SvarSlett