fredag 15. februar 2013

Sjokoladekjeks med peanøtter/sjokoladebiter

Helgekosen her i heimen er heimelaga sjokoladekjeks med sjokolade og peanøttbiter. Kjeksa er store, med ei hard kjerne og mjuke inni, dei har også lang holdbarhet, dvs viss dei får ligge i fred i kakeboksen ;)


Her er oppskrifta om du vil lage sjølv: 
350 gr  sukker
280 gr smør - romtemperert
2 store egg
420 gr kveitemjøl
1 1/4 ts bakepulver
1 1/4 ts natron
1,5 ts salt
2 ts vaniljesukker
60 gr kakao
100 gr kvit sjokolade
100 gr sjokolade
200 gr peanøtter
Steik på 180 grader i 10 minutt
 Framgangsmåten:

                                                               Mål opp sukker og smør

Pisk lyst og luftig


Lag klar 2 store egg


Hell oppi eit om gangen


Hakk opp sjokolade og peanøtter og mål opp kakao


Hell oppi blandinga


Mål opp kveitemjøl


Sikt oppi blandinga


Elt deiga lett for hand


Trill til ei pølse og del opp i passelige dela


Legg på bakeplate og sett i ovnen


Ferdig steikte


Nyt helga <3 


Jeanett

2 kommentarer:

  1. Høyrdest ut som kjeks for min gane, kos dåke.

    SvarSlett
  2. Nam, kunne tenkt meg å prøve å lage kjeksa, måtte berre ha bytta ut peanattene. Siden eg og peanøtter ikkje er heilt venner ;-)

    SvarSlett