Eg held på å forberede ei kake, som eg skal lage til ein liten gut som blir 1 år, den 4 mars. Han skal få ei sjokoladekake dekka med sukkerpasta. Har hatt mange ideer til korleis eg hadde lyst å pynte den, men bestemte meg til slutt for å lage ei bursdagskrone av marsipan, til å ha på toppen av kaka. Det tar litt tid å lage denne bursdagskrona, då den treng eit par daga å tørke på.
Først tegna eg opp ein mal på eit ark
Etterpå kjevla eg ut marsipan, og la malen oppå.
Brukte eit pizzahjul til å skjære krona ut.
Eine kanten pressa eg litt ned, og pensla på litt sukkervatn
For å få den rette forma på krona, tok eg plastfolie rundt ein formfett boks,
har litt papir under endane på krone for å få dei runde og fine.
Denne silikonforma har eg kjøpt på ein Kreativ butikk i Sandnes.
Har brukt denne til å lage pynten på krona.
Det er veldig greit å lage klar pynten litt i forveien, for viss noke går gale underveis, f.eks den knekker når du tar den av boksen den har tørka rundt, so har du god tid å lage ein ny. Ferdig laga kan du oppbevare den tørt og innpakka i plast, då held den seg lenge.
Jeanett
Skikkelig fin blei den, glede meg til å sjå resten.
SvarSlettFantastisk krune, glede meg til å sjå resten av kaka :-) sånn kunne eg tenkt meg til Theo sin bursdag, hadde vært stilig på en marsipankake.
SvarSlett