lørdag 20. juli 2013

Dåpskake til ein liten gutt

I morgon er det barnedåp for ungen til eit vennepar av mannen min. Dei lurte på om eg kunne lage ei dåpskake til anledningen, og det er det eg har brukt mesteparten av dagen på. Dei ønska seg ei sjokoladekake, dekka med sukkerpasta og at det skulle stå Jakob og dåpsdatoen på. Elles kunne eg pynte den som eg ville.




Babyen er laga ved hjelp av ei form fra wilton, og bokstavane bruker eg bokstavutstikkara til å lage. Elles er resten av pynten laga for hand. Tilslutt er kaka spraya med pearl shimmer for å få ein ekstra fin glans og finish =)

Jeanett

tirsdag 16. juli 2013

Bryllupskake

På søndag 14.juli var det 1 år sidan eg og mannen min gifta oss. Det var ein fantastisk dag som vi har masse gode minner fra. Dagen før bryllupet sto eg på kjøkkenet og lagde bryllupskaka vår. At det gjekk bra i alt stresset er eg fortsatt litt overaska over, men kaka blei akkuratt slik som vi ønska at den skulle vere.





Den nederste delen var ei sjokoladekake, den mellomste ei marsipankake med jordbær og vanilje, og den minste kaka var ei marsipankake med bringebær og vanilje. All pynten har eg laga sjølv, untatt bildet i sukkerpapir

                                                                   Jeanett

onsdag 10. juli 2013

Kake til navnefest

Idag tenkte eg å legge ut bilde av ei kake eg lagde til ein navnefest. Denne kaka lagde eg til ein liten gutt eg er tante til, fra mannen min sin side av familien. Dei ønska ei marsipankake som var hjerteforma, men elles kunne eg pynte den slik eg hadde lyst til. Oppskrift på sukkerbunn til marsipankake finner du HER 

Har altid synst at teksten: " eit lite barn, ein liten kropp, ei lita hand som rekkes opp, eit nydleg lite smykke " er so koslig. Hadde heller aldri sett den teksten på ei kake før, og det er ekstra kjekt å lage ei kake som ein ikkje har sett mange andre har laga før i ein liknande variant.


           Kaka er spraya med pearl shimmer for å få litt ekstra glans og finare finish. 

                                                                      Jeanett

tirsdag 9. juli 2013

Melkesjokoladekrem

Sjokolade er noke av det beste som finst, og rein melkesjokolade er ein stor favoritt for min del. Derfor måtte eg lage ein melkesjokoladekrem som er ein av oppskriftene eg bruker på sjokoladekaker eg lager.
Her er oppskrifta:

  • 200 gr melkesjokolade 
  •  5 ss kaffe 
  •  100 gr smør 
  • 1 ss melk 
  •  5 dl melis

Først deler du opp melkesjokoladen i ruter og smelter dette i vatnbad saman med kaffe



Medan sjokoladen smelter har du melis, smør og melk i ein bolle. Pisk dette litt sånn at smøret blir blanda med melisen, før du heller oppi den smelta sjokoladen samtidig som du pisker blandinga lett.
 Resultatet blir ein lys og luftig sjokoladekrem med deilig melkesjokoladesmak :D

                                                                      Jeanett
                                         

 



 

mandag 8. juli 2013

Lynet Mcqueen kake

Idag har mesteparten av tida gått til å prøve ut ei ny oppskrift. Ein sjokoladekakebunn med eit hint av chilli og kanel. Til den ville eg lage ein lys og god melkesjokoladekrem, som ifølge mannen min var den beste han noken gang hadde smakt ;) Oppskrift på den kjem seinare, men først tenkte eg å dele kakeresultatet.
Valgte å lage ein lynet mcqueen bil som eg har trekt med heimelaga sukkerpasta




Etter mange tima på kjøkkenet var det ekstra godt å sette seg ned i sofaen no og nyte eit lite kakestykke.

                                                                       Jeanett